top of page

2 stk Poa Plengjødsel

Pris

kr 750,00

Poa plengjødsel sin oppskrift er sett saman av dei fremste forskarane på gras, og oppfyller sjølvsagt krava graset stiller til kva næringsstoff som trengs å tilføra. Alle planter krev stort sett dei same næringsstoffa, og det betyr at du trygt kan bruke dette gjødselet i heile hagen!

Graset treng dei same næringsstoffa gjennom heile sesongen. Det tyder at du kan bruke same type gjødsel år etter år! Å veksle på ulike gjødseltypar er faktisk negativt, sidan graset må bygge om røtene for å tilpasse seg det nye gjødselet du introduserer.

 

Antall

Tekniske spesifikasjoner

15 liter

Omlag 10 kg

10kg

Hønsegjødsel

Tilsatt jern

NPK 10-1-7

Nitrogen 10%

Fosfor 1%

Kalium 7%

Kalsium 3,5%

Jernsulfat 1%

Slik gjer du

På sekken er ein fullverdig gjødselplan som viser mengde og når gjennom sesongen.

Fordel det gjevnt over heile plenen.

Ein sekk på 15 liter holder til omlag 250m2 per gjødsling.

Jern

Jernsulfat øker tilgjengelegheita av jern for plantene som då kan absorbere lettare opp gjennom røtene. Jern er eit viktig næringsstoff for å produsere klorofyll som er avgjerande i fotosyntesen.

 

Så med tilsatt jern i Poa plengjødsel hjelper me plenen til å få ein sunn vekst og fin grønfarge.

Næringsbehov gjennom sesongen

Næringsbehovet til graset gjennom sesongen startar lågt tidleg på våren i april, og veks raskt til ein topp på forsommar. Vær difor litt tilbakehalden med gjødsling i starten av sesongen, la graset først bli grønt og starte vekst før du gjødsler første gong! I Noreg er det seinsommar/tidleg haust ein kan forvente at plenen er på sitt aller vakraste. Det er lurt å justere ned mengde gjødsel når det nærmar seg haust for å forberede graset på vinteren.

Gjødselsplan

Graset har ofte ikkje behov for å få tilført den same mengda næring gjennom sesongen. Dette avheng av temperatur, både i luft og jord, og nedbør/tørke. Når det er tørke og varmt seier vi at graset blir stressa og behovet for gjødsel er då lågt. Vi bør justere ned gjødseldosen vår. For mykje gjødsel då kan vere skadeleg for både panten og nærmiljøet. Når det er passe varmt i lufta og passe mengde nedbør har graset stort behov og ønske for gjødsel. Då bør ein justere opp mengda.

Bak på sekken har me laga eit forsag til ein gjødselpan som gir graset nok næring til rett tid, og er overkommeleg å gjennomføre i ein travel kvardag!

bottom of page